Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Fløjtens Magi

26. oktober 2019 kl 14:00

kr 220

Den danske fløytisten Poul Høxbro er «det lille instrumentets store mann» – ein ekte musikalsk og kunstnerisk pionér. Han har, som ingen annan, løfta den urgamle instrumentkombinasjonen fløyte og tromme ut av raritetskabinettet, til ulike konsertscener verda over – no òg til Osafestivalen!

Poul Høxbro skriv: «Verdens eldste musikkinstrument er en fløyte. Den ble funnet i Sør-Tyskland, laget av vingebein fra en gåsegribb – og den er 40 000 år gammel! Siden da og helt frem til idag har fløyten rørt oss med sin dragende og inderlige klang, og uttallige sagn knytter seg til magiske toner fra fløyter.»

Poul Høxbro inviterer til ei stor oppleving med både forteljingar og musikk. Her får publikum høyre alt frå urtidsstemningar, vikingklangar og mellomaldertonar, skandinavisk folkemusikk, renessanse, barokk og samtidsmusikk. Blant fløytene til Høxbro finn me urgamle beinfløyter, eihandsfløyte og tromme frå mellomalderen, skandinavisk seljefløyte, xun-fløyte frå Kina og irsk low whistle.

 

Detaljar:

Dato
26. oktober 2019
Tid:
14:00
Billettpris:
kr 220
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Arrangør

Osafestivalen

Lokale

Tre Brør Bar
Vangsgata 28
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart