Lastar Hendingar

Vossarebels møter Jonas Laupsa

rebelslaupsa
fre 25. okt 2019
19:30

Ungdomshallen

Dei unge, sprelske rockabillygutane i The Vossarebels møter hardingfeletalentet Jonas Laupsa frå Granvin til uventa sjangerblanding! Trass sin  unge alder har rock’n roll-rebellane frå Voss allereie nådd svært langt, både når det gjeld musikalsk dugleik, sceneshow og sjanger- og stilmedvit. At uttrykket deira har stor appell viste seg då dei var svært nær å nå finalen i Norske talenter våren 2018.

Jonas Laupsa på sin side har oppnådd prisar og stipend og svært gode resultat i Vestlandskappleiken, Hordamønstring og Landskappleiken.

Det er duka for ein ungdommeleg, sjangeroverskridande konsert av dei sjeldne – vel møtt!

Konserten er særskilt støtta av Sparebanken Vest

MERK
Arrangementet er alkoholfritt
Gratis inngang for alle under 20 år.
Konserten inngår i huskort Gamlekinoen fredag  kveld dersom ledig kapasitet.