Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

UngOsa & MiniOsa

25. oktober 2019 kl 17:30 - 27. oktober 2019 kl 14:00

I samarbeid med Hardingfela.no inviterer Osafestivalen til helgesamling for unge hardingfelespelarar, toradarspelarar, songarar og dansarar frå 7* år og oppover! I tillegg til å få spela, synga og dansa med instruktørar av ypparste klasse, får deltakarane vera med på konsert og dans under festivalen – og skal sjølve ha avslutningskonsert på sundagen, som ein del av festivalprogrammet.

MiniOsa: Nytt av året er at det også vert gratis prøveøkt for born frå 4 år og oppover (OBS påmelding).
*NB: Dersom du er under 10 år og skal overnatta på Voss Vandrarheim lyt du ta med deg ein vaksen. (Det er andre prisar for ikkje-deltakar. Overnattinga for den vaksne/ familie, tingast gjennom oss. Ta kontakt slik at vi finn det alternativet som passar best for dykk).

MiniOsa kan du framleis melde deg på!
Dette vert kjempemoro – så meld deg på!

Årets lærarar:
Hallgrim Skjerdal (hardingfele)
Arngunn Timenes Bell (hardingfele)
Johanne Flottorp (hardingfele)
Kristin Himle (toradar)
Håvard Ims (toradar)
Karen Fadnes Brattebø (song)
Elin Pehrson Grytting (song)
Vilde Vesteng (dans)
Tuva Færden (dans)

Påmeldingsskjema UngOsa 2019

Påmeldingsskjema MiniOsa 2019

Meir info:
www.facebook.com/UngOsa
Spørsmål: magni@olebull.no

Alle foto og video: Ingerid Jordal

 

UngOsa 2018

Her kjem eit tilbakeblikk på årets utruleg kjekke UngOsa. Filma og redigert av Ingerid Jordal. Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer å takka alle dei 50 deltakarane for strålande innsats og humør, og likeeins lærarane Arne M. Sølvberg, Frank Henrik Rolland, Maria Skjeldrum Toppe, Kristoffer Kleiveland, Ingvild Seilen, Lars Fivelstad Smaaberg, Kari Malmanger, Jon Bugge Mariussen, Elisabeth Ellingsen og Tuva Sunniva Thomassen Bolstad! Også ein stor takk til sponsorar og samarbeidspartnarar: Hordaland fylkeskommune, Stiftinga for folkemusikk og folkedans, Voss kommune, Norsk musikkråd (Komp), @Voss Sparebank – 175 år, Hordaland Folkemusikklag, Hordaland Ungdomslag, Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Vossabakst Hardanger Silketrykk og ikkje minst Voss Vandrarheim/Hostel! Då sjåast me att i 2019! Beste helsing festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland og kursleiarane Magni Rosvold og Rannveig Djønne.

Posted by UngOsa on Monday, December 3, 2018

 

Detaljar:

Start:
25. oktober 2019 kl 17:30
Slutt:
27. oktober 2019 kl 14:00

Lokale

Voss ungdomsskule
Olavsvegen
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart