Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Opningskveld | Johanne Flottorp | Huskort

24. oktober 2019 kl 19:00

kr 350

Festivalopnar: Vilde Westeng (dans)
med Berit Opheim (song) & Jo Asgeir Lie (akkordeon)

Johanne Flottorp frå Åmli er blant dei mest spanande unge hardingfeleutøvarane i landet. Spelet hennar er energisk, kraftfullt og dynamisk – ho veit å kombinere det råe og kvasse uttrykket med det såre, kjenslevare og lyriske. I 2018 var ho nominert til to Spellemann-prisar: Ein for solodebuten «Johanne Flottorp», og ein nominasjon saman med americana-gruppa Northern Belle.

Johanne har utvikla ein personleg spelestil og ei eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer, samstundes som ho på best mogleg måte tek vare på det kjeldene og læremeistrane hennar har jobba fram i slåtteformene ho bruker. På opningskonserten vert det fokus på musikk frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark – musikktradisjonar Flottorp har fordjupa seg i heilt sidan barndomen. Med seg har ho Jens Linell på tamburin og Kenneth Lien på munnharpe.

Johanne Flottorp – hardingfele
Jens Linell – tamburin
Kenneth Lien – munnharpe

MERK: Fellesbillett til dei to konsertane denne kvelden: Opningskonsert med Johanne Flottorp og «Osamæle» med Wolfgang Plagge. STATT UPP KVEDING & folkemusikkpub på Akademiet frå kl 22.00 etter dei to konsertane denne kvelden.

 

 

Detaljar:

Dato
24. oktober 2019
Tid:
19:00
Billettpris:
kr 350
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart