Klubbkveld | Skrekk og Guro | Huskort
På fredagskvelden i Gamlekinoen får me møte tre ulike band som på ulike måtar rører seg i skjeringspunktet mellom folkemusikk og rock.
Her får gamle tradisjonar ein ny vri, og masse energi!
Først ut denne kvelden er SKREKK OG GURO, som slapp debutalbumet Folkemusikk 2.0 i 2018. Gruppa består av musikarar med bakgrunn frå både norsk og svensk folkemusikk og jazz, rock og improvisasjonsmusikk. Saman tolkar dei tradisjonsmusikk på ein forfriskande kompromisslaus måte.
Merk: Det vil bli solgt huskort til Gamlekinoen fredag kveld. Det er ikkje mogleg å kjøpe enkeltbillett til kvar einskild konsert denne kvelden. Skrekk og Guro opnar kvelden i foajéen kl.20 og Valkyrien og Hoven Droven held fram i storsalen. Dørene opnar kl.18.30. Sal av mat og god drykk!