
Folkemusikkmesse

Jo Asgeir Lie – rektor på Ole Bull Akademiet, komponist og ein svært dyktig trekkspelar (både solo og med gruppa Kvarts). Hovudverket hans kan seiast å vera «Folkemusikkmesse frå Ål», der Lie har laga ny liturgisk musikk i folkemusikkstil til den ordinære høgmessa. Verket har vorte populært i kyrkjesamanheng over heile landet, og det vart spelt inn som album i 2012, under namnet «Til himmels med gangar og pols». Me gler oss til å høyre korleis folkemusikkmessa kling i den vakre Vangskyrkja på sundagen!
Prost Arild Hellesøy skal forrette gudstenesta