Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Kristine West & Erik Rydvall

27. oktober 2019 kl 17:00

kr 220

Kristine West (fløyte) og Erik Rydvall (nøkkelharpe) er to svenske stjerneskot med forankring i folke- og barokkmusikk. I denne konserten tek dei utgongspunkt i J.S. Bach sine verk for solofiolin og solofløyte, og vev barokkmusikken saman med musikk frå svenske spelemannsbøker frå same periode, i tillegg til nyskriven musikk innanfor same toneverd.

Ein grunntanke for duoen er å vise korleis det vi i dag ser som to åtskilde musikksjangrar – barokk- og folkemusikk – har svært mange likskapstrekk og tilknytningspunk:

– I dag reknar vi barokk- og folkemusikken som to ulike musikksjangrar, sjølv om det finst fleire likskapar og samband mellom dei. På den eine sida skaper forskjellen i stil og uttrykk barrierar musikarar og publikum i mellom, men på ei anna side kan det å berre framheve likskapen viske ut dei nyansane som gjer musikken unik. Musikarar som vil strekke seg på tvers av sjangrar lyt verkeleg fordjupe seg i tradisjonane – lære seg eit nytt språk – men samstundes makte å gjere det nye og ukjende til sitt eige. Det krev mot å fornye tradisjonen ved å tilføre noko nytt og eige.

Kristine West – fløyte
Erik Rydvall – nøkkelharpe

 

 

 

Detaljar:

Dato
27. oktober 2019
Tid:
17:00
Billettpris:
kr 220
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Lokale

Vangskyrkja
Bergsliplassen 1
Voss, Norway
+ Google-kart