- Denne hending er over.
Dansekveld på Akademiet
26. oktober 2019 kl 21:00
kr 170ca. 21.00: Offisiell opning av Bygda dansar Hordaland
Skolisseklippinga vil finna stad i Osasalen på starten av dansen (etter at det har blitt rigga om til dansegolv etter konserten med Rydvall og Mjelva)
Bo Lyckligs Gammeldansorkester består av medlemmer frå Hoven Droven – ja, dei er vel strengt tatt det same bandet. Men der Hoven Droven køyrer på med vrenggitar og rocka arrangering held Bo Lyckligs det akustisk, med trekkspel og kontrabass, under mottoet: «Äkta gammeldans – no bull!». Denne gjengen treng ikkje elektrisk hjelp for å skape trøkk og driv!
Gamlebanken Spelemannslag er kjende for å spele runddans med sving, snert og drivande dansetakt. I si etter kvart rikhaldige samspelkarriere har laget halde konsertar høgt til fjells, vunne lokale, nasjonale og nordiske meisterskap i folkemusikk, og laga liv på gyngande dansegolv landet over. Knyt på dykk danseskoa og bli med på leiken!
MERK: Du kan kjøpe kombibillett til Rydvall/Mjelva & Dansekveld på Akademiet kr. 350,-