Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Klubbkveld | Valkyrien Allstars | Huskort

25. oktober 2019 kl 20:00

kr 550

På fredagskvelden i Gamlekinoen får me møte tre ulike band som på ulike måtar rører seg i skjæringspunktet mellom folkemusikk og rock. Her får gamle tradisjonar ein ny vri og masse energi!

Dei som hugsar den forrykande konserten til VALKYRIEN ALLSTARS på Osafestivalen 2013 har noko å gle seg til – dei kjem no attende! Sidan debutplata i 2007 har det hardtslåande folkemusikkbandet vore ein svært viktig og populær fornyar av dei rike folkemusikktradisjonane i Noreg. Det særeigne lydbiletet til gruppa har utgangspunkt i hardingfeleklangen, med energisk framføring, store vokalprestasjonar og kreativ arrangering som viktige ingrediensar.

Merk:  Det vil bli solgt huskort til Gamlekinoen fredag kveld. Det er ikkje mogleg å kjøpe enkeltbillett til kvar einskild konsert denne kvelden. Skrekk og Guro opnar kvelden i foajéen kl.20 og Valkyrien og Hoven Droven held fram i storsalen. Dørene opnar kl.18.30. Sal av mat og god drykk!

 

Detaljar:

Dato
25. oktober 2019
Tid:
20:00
Billettpris:
kr 550
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Lokale

Gamlekinoen
Skulegata 15
Voss, Norway
+ Google-kart