
Urtonen

Osafestivalen lanserer «Urtonen» – ein ny programpost der me kvart år vil løfta fram og skapa større medvit om eit tradisjonsrikt instrument frå folkemusikken! I år er det munnharpa me skal verte meir kjende med, med god hjelp frå dei aller beste landet har å by på når det kjem til å få godlyd i munnharpa: Anders Røine, Thov Wetterhus og Kenneth Lien. CV’en deira er det absolutt ikkje noko å seie på: Dei tre har samanlagt vunne Landskappleiken på munnharpe tolv gongar! Sigrane er fullt fortent, for dette trespannet veit verkeleg å tøye det rytmiske, dynamiske og klangmessige potensialet til munnharpa til det aller ytste.
– Det handler jo om selveste urinstrumentet på jordkloden. Først er det bein og bambus, så blir det ild, flytende stål og lyden av hammer mot ambolt. Men, så ender det opp i et relativt fredelig lite instrument med akkurat samme skala uansett hvor på kloden man finner det, Vietnam eller på Voss, seier Anders Røine til Osafestivalen.
Kenneth Lien
Anders Røine
Thov Wetterhus