Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Opningskveld | Osamæle: Wolfgang Plagge | Huskort

24. oktober 2019 kl 21:00

kr 350

«Tradisjon og fornying – eller motsett?»

Komponist, pianist og musikkformidlar Wolfgang Plagge skreiv sine fyrste komposisjonar allereie som tolvåring, og har gjennom ein omfangsrik og spanande karriere vist seg som ein særs vidfemnande og mangesidig musikar. Han har blant anna dyrka ei genuin interesse for tidlegmusikk, og har ei evne til å formidle både dei store linene og dei kuriøse detaljane frå musikkhistoria med innleving og høgt presisjonsnivå. Me gler oss til å høyre hans tanker om forholdet mellom tradisjon og fornying i musikken – eit heilt essensielt tema innan folkemusikken.

«Osamæle» er namnet på ein ny post på festivalprogrammet, der me inviterer musikarar til å dele sine røynsler og kunnskap frå folkemusikk og omkringliggande sjangrar gjennom populære føredrag.

MERK: Fellesbillett til dei to konsertane denne kvelden: Opningskonsert med Johanne Flottorp og «Osamæle» med Wolfgang Plagge. STATT UPP KVEDING & folkemusikkpub på Akademiet frå kl 22.00 etter dei to konsertane denne kvelden.

 

Detaljar:

Dato
24. oktober 2019
Tid:
21:00
Billettpris:
kr 350
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart