Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Figurteater: Nattergalen og rosen

27. oktober 2019 kl 14:15

kr 220

Osafestivalen og ”Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater” presenterer: «Nattergalen og rosen» av Oscar Wilde.

Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar)

Framsyninga varer i om lag 30 min.
Kun 20 plassar pr. framsyning.

Figurteateret er eit flyttbart dokketeater med base på Voss. Teatret kombinerer tradisjonelt marionettspel med element frå skuggeteater, levande musikk og opplesing. Bak teateret står tyskfødde Wiebke Lüders, som jobbar som hardingfelemakar og musikkinstrument- konservator på Ole Bull Akademiet på Voss.

«Nattergalen og rosen» vart for første gong publisert i 1888 som del av samlinga «Den lykkelige prins og andre eventyr». Det er den rørande historia om ein nattergal som ville ofra seg sjølv for den menneskelege kjærleiken. Historia vert opplesen medan marionettar rører seg til forteljarstemma og den sjarmerande klangen av hardingfela.

Detaljar:

Dato
27. oktober 2019
Tid:
14:15
Billettpris:
kr 220
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2019

Arrangør

Osafestivalen

Lokale

Felemakeriet
Strengjarhaugen 6
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart