Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Seminar: Samspel over musikalske og geografiske grenser

23. oktober 2019 kl 19:00 - 25. oktober 2019 kl 13:00

kr 500

Musikkstudent eller aktiv folkemusikar? Bli med på seminar under Osafestivalen!

Musikalsk leiar: Kjell-Erik Eriksson

Kjell-Erik Eriksson er kjend både frå samspelet i grupper som Triakel og festivalaktuelle Hoven Droven, og som formidlar av det tradisjonelle felespelet frå Jämtland, som har mykje til felles med folkemusikken på vår side av grensa. I seminaret vil vi få høyre om korleis tradisjonsmusikken har fått ny aktualitet og form i dei nemnde gruppene, og Eriksson vil leie arbeidet med å innstudere samspelsstoff til den avsluttande seminarkonserten.

MÅLGRUPPE
Det praktiske arbeidet vil vere hovuddelen i seminaret, som høver for musikkstudentar og aktive folkemusikarar.

TIDSPUNKT
Osasalen onsdag 19.00–20.30, torsdag 9.30–16.00, fredag frå 9.30 og open konsert kl 12.00 i Voss Sparebank med seminardeltakarane

PRIS OG PÅMELDING
Seminaravgift kr 500.- Påmelding innan 1. oktober.
Kontakt Ole Bull Akademiet v/Håkon Asheim, tlf. 906 81 696 – haakon@olebull.no

Detaljar:

Start:
23. oktober 2019 kl 19:00
Slutt:
25. oktober 2019 kl 13:00
Billettpris:
kr 500

Arrangørar

Osafestivalen
Ole Bull Akademiet

Lokale

Ole Bull Akademiet
Strengjarhaugen 6
Voss, 5704 Norway
+ Google-kart