Skip to content
Pågåande

UngOsa & MiniOsa

Voss ungdomsskule Olavsvegen, Voss

I samarbeid med Hardingfela.no inviterer Osafestivalen til helgesamling for unge hardingfelespelarar, toradarspelarar, songarar og dansarar frå 7* år og oppover! I tillegg til å få spela, synga og dansa med…

Familiekonsert – Tamburinen

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss

Bli med Jens Linell inn i ei forunderleg musikalsk forteljing om ein gut og ein tamburin. Det enkle perkusjonsinstrumentet vert eit verkty for utforsking av verda, men fører òg guten…

kr 110

Meistertimen – Knut Buen med studentar

Sævelid Osavegen, Voss

Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og speleteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til den heilt nye programposten «Meistertimen» med Knut…

kr 250

Musikalsk prøverom

Torget Vangsgata 28, Voss

Ta ein tur innom musikalsk prøverom på torget på laurdag! Vi fyller eit stort telt med spanande folkeinstrument og dyktige instruktørar innan folkemusikk og -dans. Lurer du på korleis ein…

GRATIS

Halling på torget

Torget Vangsgata 28, Voss

Dei beste hallingdansarane i landet vitjar Vossevangen, og tek seg ein skikkeleg svingom på torget saman med ein god gjeng frå juniorklubben i Voss Spelemannslag! Både Torkjell Lunde Børsheim frå…

Gratis

Soloscena «Bjølleslåtten»

Tre Brør Kafé Vangsgata 28, Voss

Kom tett på fleire av musikarane som er på Voss under festivalen! Gjennom musikalske innslag og samtale med kafévert Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, får me eit innblikk i tradisjonsmusikken si…

kr 220

Håkon Asheim – «Fra mosafinn til Valkyrien»

Sævelid Osavegen, Voss

I dette konsertføredraget vil Asheim vise mange spanande – og velklingande – døme på korleis folkemusikken har farga og framleis fargar folk sine liv, både til kvardags og fest. Dette…

kr 220

Prøv deg! Lynkurs i dans!

Ungdomshallen

Vi ladar opp til dansefesten på akademiet laurdagskvelden! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals. Passar for alle som har lyst til…

Gratis

Fløjtens Magi

Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss

Den danske fløytisten Poul Høxbro er «det lille instrumentets store mann» – ein ekte musikalsk og kunstnerisk pionér. Han har, som ingen annan, løfta den urgamle instrumentkombinasjonen fløyte og tromme…

kr 220

Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel

Torget Vangsgata 28, Voss

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

Prøv deg! Lynkurs i seljefløytespel

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

Prøvd deg! Lynkurs i kveding (bånsullar/barnesongar)

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

Gratis

Figurteater: Nattergalen og rosen

Felemakeriet Strengjarhaugen 6, Voss

Osafestivalen og ”Fiddlesticks - eit fabelaktig figurteater” presenterer: "Nattergalen og rosen" av Oscar Wilde. Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar) Framsyninga varer…

kr 220

Emily Davis med Bergen Unge Kammerorkester

Nain Gymnasvegen 4, Voss

Berre 28 år gammal har fiolinist Emily Davis allereie ei lang og svært imponerande karriere å sjå tilbake på. Lista over orkester ho har spelt med, som solist eller konsertmeister,…

kr 350

Dansesalong – «Bygda Dansar Hordaland»

Ungdomshallen

"Bygda dansar" byr endeleg opp til dans i Hordaland!  Me presenterer satsingsområda til prosjektet og viser utvalde danseperler frå Hordaland frå arkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Med:…

Gratis

Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel

Torget Vangsgata 28, Voss

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born…

Gratis

Sterke stemmer – joik før og no

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Sara Marielle Gaup inntek Gamlekinoen med ein skreddarsydd konsertperformance for Osafestivalen: «Sterke stemmer – joik før og no» Gaup er ein av dei viktigaste profilane innan samisk musikkliv. Ho er…

kr 220

Alf Cranner & Knut Reiersrud band

Gamlekinoen Uttrågata 9, Voss

Med albumet Presang 2019 gjorde viselegenden Alf Cranner eit strålande comeback, med gitarhelten Knut Reiersrud og bandet hans i ryggen. Når det kjem til legender som Cranner og Reiersrud, blir…

kr 370

Mat, musikk og vin – Voss à la France!

Park Hotel Uttrågata 3, Voss

Den virtuose kokken Anders Tveite set saman ein meny som speglar både fortid og framtid. Kortreiste ingrediensar og franske tilbredingsteknikkar går igjen i menyen. Sommelier Francesco Marzola bringer fram det…

kr 1600

Rydvall/Mjelva

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss

Svenske Erik Rydvall og Olav Mjelva frå Røros er begge blant dei fremste folkemusikarane i sin generasjon. Kombinasjonen nøkkelharpe og hardingfele (25 strenger i alt!) har i liten grad vore…

kr 250

Dansekveld på Akademiet

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss

ca. 21.00: Offisiell opning av Bygda dansar Hordaland Skolisseklippinga vil finna stad i Osasalen på starten av dansen (etter at det har blitt rigga om til dansegolv etter konserten med…

kr 170
Scroll To Top