Hendingar
-
-
Osa på Hangurstoppen!
Hangurstoppen restaurant Hangurstoppen, Voss, NorwayVi tjuvstartar Osafestivalen på Hangurstoppen! Ein haug talentfulle studentar frå Ole Bull Akademiet, under leiing av Steinar Ofsdal, tek den nye bana opp og speler eit utval slåttar for alle som vil høyre. Dette er eit utmerka høve til å få seg ein tur med den nye gondolen, nyte den fantastiske utsikta og varme opp…
-
Seminar: Samspel over musikalske og geografiske grenser
Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayMusikkstudent eller aktiv folkemusikar? Bli med på seminar under Osafestivalen! Musikalsk leiar: Kjell-Erik Eriksson Kjell-Erik Eriksson er kjend både frå samspelet i grupper som Triakel og festivalaktuelle Hoven Droven, og som formidlar av det tradisjonelle felespelet frå Jämtland, som har mykje til felles med folkemusikken på vår side av grensa. I seminaret vil vi få…
kr 500 -
Utstillingsopning
Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, NorwayRagna Misvær Grønstad (f. 1984) frå Bodø er årets festivalkunstnar. Gjennom grafikk, teikning og tekstar skaper ho kunst som har mange lag, der det unike estetiske uttrykket ofte flyt saman med og vert berika av politiske og filosofiske understraumar. I arbeidet med tresnittserien «Saltvannsblomstene» har Misvær Grønstad utvikla eit uttrykk som ho beskriv som «visuell…
GRATIS -
Opningskveld | Johanne Flottorp | Huskort
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayFestivalopnar: Vilde Westeng (dans) med Berit Opheim (song) & Jo Asgeir Lie (akkordeon) Johanne Flottorp frå Åmli er blant dei mest spanande unge hardingfeleutøvarane i landet. Spelet hennar er energisk, kraftfullt og dynamisk – ho veit å kombinere det råe og kvasse uttrykket med det såre, kjenslevare og lyriske. I 2018 var ho nominert til…
kr 350 -
Opningskveld | Utdeling av Hordaland Fylkeskommune sine folkemusikkstipend | Huskort
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayStipenda vert delt ut for 4. gong, og skal gå til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Satsinga skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immatriell kulturarv. Foto: Vinnarane frå 2018 - Åsmund Øydvin, Knut Hamre og Amalie Kinsarvik Tvilde saman med utdelar Ronny Skaar. Merk: Denne…
kr 350 -
Opningskveld | Osamæle: Wolfgang Plagge | Huskort
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway«Tradisjon og fornying – eller motsett?» Komponist, pianist og musikkformidlar Wolfgang Plagge skreiv sine fyrste komposisjonar allereie som tolvåring, og har gjennom ein omfangsrik og spanande karriere vist seg som ein særs vidfemnande og mangesidig musikar. Han har blant anna dyrka ei genuin interesse for tidlegmusikk, og har ei evne til å formidle både dei…
kr 350
