Helga Myhr er årets tingingsverk-komponist

Slåttemusikken inneheld uendelege mogelegheiter. Når tradisjonar møter samtid oppstår det dynamiske spenningar som gjev grobunn for spanande musikk.


Verket «Andsyning» går rett inn i dette spenningsfeltet med eit meditativt og utfordrande perspektiv på slåtteformer frå Hallingdal. Eit stjernelag av fem profilerte og spanande musikarar, leidd av komponist Helga Myhr (Morgonrode, Kvedarkvintetten), skal framføre det nyskrive verket Andsyning på årets Osafestival.

Ordet kan bety å sjå noko frå motsatt horisont – akkurat det desse musikarane skal gjere i møte med komposisjonane til Myhr.


Helga Myhr – hardingfele, vokal
Michaela Antalovà – perkusjon, seljefløyte
Malin Alander – vokal
Adrian Myhr – kontrabass
Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele, langeleik

Foto: Johannes Selvaag