«Tradisjon og fornying – eller motsett?»

«Osamæle» er namnet på ein ny post på festivalprogrammet, der me inviterer musikarar til å dele sin røynsle og kunnskap frå folkemusikk og omkringliggande sjangre gjennom foredrag.

I år er me så heldige å få besøk av komponist, pianist og musikkformidlar Wolfgang Plagge. Han skreiv sine fyrste komposisjonar allereie som tolvåring, og har gjennom ein omfangsrik og spannande karriere vist seg som ein særs vidfemnande og mangesidig musikar.

Han har blant anna dyrka ein genuin interesse for tidlegmusikk, og har ein evne til å formidle både dei store linjene og dei kuriøse detaljane frå musikkhistoria med innleving og høgt presisjonsnivå. Me gler oss til å høyre hans tanker om forholdet mellom tradisjon og fornying i musikken – eit heilt essensielt tema innan folkemusikken.