Han har eit glødande engasjement og stor formidlingsevne, som har kome fram gjennom eit utal bøker, artiklar og debattinnlegg. Hylland Eriksen har ei sjeldan evne til å uttrykke seg poengtert, nyansert og forståeleg om kompliserte emne, og breidda i det han interesserer seg for er stor. Gjennom årets festival tek vi eit steg vidare i å utforske det nye som kjem fram i møtet mellom tradisjon og samtid. Vi vil tru at ein antropolog som Thomas Hylland Eriksen er særleg kjenslevar for den dynamikken som utspelar seg på Voss i oktober. Vi gler oss!

Foto: Prokopius