Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Triakel

27. oktober kl 17:30

Mange har røynt at det ikkje alltid kjem noko godt ut av nyttårsløfte, men svenske Triakel er eit lukkeleg unnatak. Ein avtale om å spela saman innan eit år vart innfridd, og seinare vart duoen Kjell-Erik Eriksson (fele) og Janne Strömstedt (trøorgel) utvida med Emma Härdelin (fele og vokal). Triakel framfører viser, i det utvida omgrepet av ordet. Alt frå gamle revyviser til endå eldre salmar, og mykje av materialet er heimehøyrande i Jämtland eller Hälsingland, heimtraktene til dei tre musikarane. Konserten tek utgangspunkt i albumet Händelser i Nord. Akustisk, intimt, lyrisk og enkelt, bygd opp rundt Emma si varme og vare røyst – fullt av kjensler og uttrykk. Det er Triakel, det!

Emma Härdelin – fele og vokal
Kjell-Erik Eriksson – fele
Janne Strömstedt – trøorgel

Billettar: Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett i sal på TicketCo

Detaljar

Dato
27. oktober
Tid:
17:30

Stad

Voss idrettshall