Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Gjevre, Odde & Vårdal

26. oktober kl 23:00

Supertrio med solid fartstid og allsidig røynsle. Både Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegar Vårdal har basen sin i Gudbrandsdalen, noko musikken deira òg ber preg av. Dei tre røynde danse- og konsertspelemennene slo seg saman i denne trioen i 2017, men fyrst i -23 gjekk dei i studio hjå Tor Magne Hallibakken for å spela inn debutalbumet Vandring med tradisjonelle slåttar og eigenkomponerte ting. Ei utgjeving som resulterte i omfattande konsertverksemd og nominasjon til Folkelarmprisen. Kombinasjonen torader (Gjevre), akkordeon (Odde) og hardingfele (Vårdal) er ikkje mellom dei vanlegaste korkje i folkemusikken eller gammaldansen. Ein kan trygt slå fast at dette er ein trio nokså langt ut over det vanlege. På med danseskorna folkens! Me sjåast golvet laurdagskvelden i Voss idrettshall!

Vegar Vårdal – hardingfele
Inge Gjevre – torader
Mads Erik Odde – trekkspel

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag i sal no på TicketCo
Har du tinga plass på «Mat, musikk og vin», inngår dansen i Voss idrettshall laurdag kveld i billetten.

Detaljar

Dato
26. oktober
Tid:
23:00

Stad

Voss idrettshall