Naaljos Ljom
«I dag skal me høre musikk som ein ikkje får fram på vanleg orgel eller piano. Dette er folketoner, som inneheld tonesteg eller intervall som ligg utanfor det vanlege tonesystem» Eivind Groven (1901-1977)
Duoen Anders Hana og Morten Joh Olsen, eller Naaljos Ljom, er attende på Voss! Inspirert av Eivind Groven og Erik Eggen, miksar dei mikrotonal folkemusikk og elektronikk. Etter debutplata «Lur og dekor – i kvardag og dommedag» i 2019 har duoen no laga si andre plate.
«Forfriskande er ordet, på hvordan Naaljos Ljom uanstrengt smelter for- og nåtid sammen. Likhetene mellom folke- og den elektroniske musikken av i dag er påfallende mange, med sine repetisjoner, droner og over- og undertoner. Syrete synth-lyder blander seg med munnharpens svingninger til frydfull effekt. (..) Naaljos Ljom 2 åpner, som sin forgjenger, opp en stor knirkete dør mot både for- og fremtid, men makter samtidig å smøre dens hengsler med en høyst hjemmepresset olje.» Ando Woltmann, Morgenbladet
Anders Hana – hardingfele, gitar, langeleik, munnharpe, fele
Morten Joh – synth, slåttetromme
Rasmus Kjorstad – fele
Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett
Eit avgrensa tal plassbillettar for deg med pass ligg ute på TicketCo.