
Poing gjer Tiriltunga
Festivalpass eller huskort Voss idrettshall laurdag
40-års markering for legendariske Tiriltunga si første plate! Og det heile starta på Voss… Med utgjevinga av «Tiriltunga» sette trioen i 1985 ein standard for fleirstemt vokal folkemusikk. Samarbeidet starta då Heidi Løvlund møtte Gunnlaug Lien Myhr på Voss folkehøgskule i 1980. Tredje sølvstrupe var Kari Lønnestad. På debutplata syng dei musikk frå Telemark og Hallingdal, men dei var også glade i Rørospolsen. Gamle folkemusikkhits blir som nye når POING med vener møter Tiriltunga!
Medverkande
POING
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon
Frode Haltli – akkordeon
Håkon Thelin – kontrabass
med
Silje Risdal Liahagen – vokal
Erik Sollid – vokal, fele, hardingfele
Helga Myhr – vokal, hardingfele
