Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Opning av festivalutstillinga

27. oktober 2022 kl 18:00

Sidsel Bonde er årets festivalkunstnar! Sidsel Bonde (DK,1992)  arbeider med skulptur, installasjon, grafiske trykk og tekst. Ho er utdanna ved det Kongelige Danske Kunstakademi, Skolen for Design og Kunstakademiet i Bergen. Tematisk er verka hennar knytte til kultivering av skandinaviske landskap slik det har vore gjort både historisk og i vår eiga tid. Til utstillinga vil Bonde utforme eit nytt verk, der folkekunst og folkekulturen si rolle i jordbruket vert sett i ein samtidskontekst. Ein installasjon med halmflettingar av nordiske ville vekstar, fletta etter ein førkristen teknikk, vil bli stilt ut med tanke på å la ein gløymt tradisjon møte samtida. Desse fletta symbola har vore brukte som utsmykking og i ritual for å fremje ein rik haust, i mellom anna jordbrukskulturen under jarnalderen.

Saman med halmflettingane vil utstillinga vise silketrykk på rundballeplast med ornament inspirerte av jordbruksmaskinar og vegginstallasjonar med kveite og rug oppsette vertikalt på plater av leire.

Vidar Skeie, leiar uval for kultur og næring Voss herad, opnar utstillinga
Musikalske opningstoner og forkriskingar!

Vel møtt!

Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag

Detaljar:

Dato
27. oktober 2022
Tid:
18:00

Lokale

Voss Kulturhus
Evangervegen 6
Voss, 5704 Norway
+ Google-kart