Meistertimen: Overleveringstradisjonen i folkesongen
Her tek me overleveringstradisjonen til scena! Kva betyr det «å gå i lære» hjå nokon? Kva skjer eigentleg i eit slikt personleg møte mellom studentar og ein meister som er «berar» av og formidlar av tradisjonsmusikken? Korleis foregår overlevering av folkesongen, tradisjonar og teknikk i praksis?
Publikum blir tekne direkte inn i den munnlege overleveringstradisjon der Berit Opheim og studentane hennar jobbar med stil, tekstforståing, tekstuttale og diksjon, tolkingar, stemmebruk og pusteteknikk. Her får vi innblikk i folkesong som kommunikasjonsform og kunnskap om variasjonar, fornying og utvikling. Velkomen inn til ei heilt unik oppleving av overleveringstradisjonen i folkesongen!
Foto: Per Finne
Med:
Berit Opheim
Mikael Hedne, OBA
Synnøve Brøndbo Plassen, NMH
Katerine Nybakken, USN