![Lastar Hendingar](https://osafestivalen.no/wp-content/plugins/the-events-calendar/src/resources/images/tribe-loading.gif)
- Denne hending er over.
Lunsjkonsert med Lillebo & Stubsveen
30. oktober 2021 kl 11:00
kr 225![](https://osafestivalen.no/wp-content/uploads/2021/05/Lillebo-Stubsveen.jpg)
“Detta var nåe som vart spelt da ́n Adam gjekk i småskuuln”
Om tolking og formidling av tradisjonsmusikken i vår samtid
Kven er folkemusikken for? Er folkemusikken aktuell og viktig i vår samtid, og i så fall, kvifor det? Anders Lillebo og Sigrid Stubsveen (årets unge folkemusikar i 2020) er aktuelle med sin fyrste duoplate Engerdal. I dette konsertføredraget får publikum bli med på eit djupdykk i tradisjonsmusikken frå Engerdal i Østerdalen, og høyre meir om musikarane sine refleksjonar kring rolla som tradisjonsberarar i eiga samtid.
“Detta var nåe som vart spelt da ́n Adam gjekk i småskuuln” seier spelemannen Per Solvang frå Engerdal på eit arkivopptak, etter å ha spelt ein gamal slått. Folkemusikken blir overført mellom spelemenn i generasjonar og knyter vår samtid til eldre tid, men er musikken like aktuell i dag?
Med:
Anders Lillebo – munnspel og trøorgel
Sigrid Stubsveen – fele
Kafé med sal av mat og drykk!