Lastar Hendingar

Lunsjkonsert med Lillebo & Stubsveen

Lillebo & Stubsveen
lau 30. okt 2021
11:00

“Detta var nåe som vart spelt da ́n Adam gjekk i småskuuln”
Om tolking og formidling av tradisjonsmusikken i vår samtid

Kven er folkemusikken for? Er folkemusikken aktuell og viktig i vår samtid, og i så fall, kvifor det? Anders Lillebo og Sigrid Stubsveen (årets unge folkemusikar i 2020) er aktuelle med sin fyrste duoplate Engerdal. I dette konsertføredraget får publikum bli med på eit djupdykk i tradisjonsmusikken frå Engerdal i Østerdalen, og høyre meir om musikarane sine refleksjonar kring rolla som tradisjonsberarar i eiga samtid.

“Detta var nåe som vart spelt da ́n Adam gjekk i småskuuln” seier spelemannen Per Solvang frå Engerdal på eit arkivopptak, etter å ha spelt ein gamal slått. Folkemusikken blir overført mellom spelemenn i generasjonar og knyter vår samtid til eldre tid, men er musikken like aktuell i dag?

Med:
Anders Lillebo – munnspel og trøorgel
Sigrid Stubsveen – fele

Kafé med sal av mat og drykk!