Brotherly
Midt på 90-talet tok Riverdance Europa med storm. Store ensemble med kvinner og menn som på kompromisslaust og imponerande vis framstod som ein samanhengjande organisme, i fullstendig rytmisk harmoni. Den norsk-vitamesiske koreografen og dansaren Tony Tran har ført denne moderniserte gæliske dansen vidare. I 2022 uroppførte han framsyninga Brotherly. Med tre dansarar – uavhengige av kjønn – syner Tran korleis kroppar i ustoppeleg rørsle og i fullkome rytmisk samspel får dei dundrande og raske trampa til å forplanta seg til og resonnera inne i kroppane til alle i salen. Må opplevast festivallaurdagen i Gamlekinoen!
«… dette er et komplekst utøverarbeid.»
– Magdalene Solli, Norsk Shakespearetidsskrift (2022)
«Brotherly … fremstår først og fremst som en fordypning i irsk steppedans. Det er denne studien av gitte bevegelser og trinn og deres ulike kombinasjoner og fremførelsen av dem igjen, som imponerer, resonnerer og engasjerer.»
– Magdalene Solli, Norsk Shakespearetidsskrift (2022)
Eit uttrykk for kamp
Irsk dans er vidgjeten for riverdance – dansarar på rad med eit energisk fotarbeid og stive armar langs sida av kroppen. Men riverdance byggjer på ein mykje eldre tradisjon av gruppedansar frå festivalar og andre sosiale settingar. Den moderne perioden av irsk steppdans byrja på slutten av 1800-talet, då brorskapet The Gaelic League ville revitalisera ein irsk kultur som i fleire hundre år var blitt undertrykt av britane. Sidan har irsk steppdans vakse fram som ei regelbunden kunstform, der stive kroppar kan sjåast som uttrykk for ei kollektiv oppleving av undertrykking. Slik kan Brotherly vere eit dynamisk bilete på korleis kroppar frivillig kan la seg halde i age, men likevel uttrykke motstand og vise den livgjevande krafta i menneskeleg fellesskap.
Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett. Det vert lagt ut eit avgrena tal plassbillettar som du kan kombinere med festivalpass eller dagspass for å sikre deg plass på denne førestillinga.
Koreograf: Tony Tran
Utøvarar: Dina Moen, Tony Tran og Rakel Øfsti Nesje
Utvikla i samarbeid med: Oran Leong, Dina Moen, Trine Lise Moe, Benjamin Windborg Larsen
Dramaturg: Thomas Schaupp
Komponist: Morgan Hickinbotham
Lysdesign: Yasin Gyltepe
Kostyme: Shiva Sherveh
Rådgjevar irsk stepp dans: Benjamin Windborg Larsen, Oran Leong, Gyula Glaser
Ytre auge: Espen Reinertsen
Kostyme rådgjevar: Lydia Sonderegger
Co-produksjonar: Bærum Kulturhus, Sprang – Ål Kulturhus
Støtta av: Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Viken Fylkeskommune, Oslo Kommune, Fredrikstad Kommune, SPENN
Takk til: Annika Ostwald, Hanne Frostad Håkonsen, Roza Moshtaghi, Nan Van Houte
Danseførestillinga er eit samarbeid med Dansenett Norge
Førestillinga varer i 45 minutt.