The Dancers’ Brew The Alehouse Sessions med Mamelukk
Det er berre til å fylla glasa, i beste alehouse-tradisjon!
Då Barokksolistene og Mamelukk møttast i eit spontant samarbeid om The Alehouse Sessions ved Den Ny Opera i Danmark fann dei umiddelbart tonen og både Barokksolistene og Mamelukk bobla over av idear og innfall. Resultatet vart eit nytt samarbeidsprosjekt som publikum på Osafestivalen berre kan gle seg til å få oppleve! Eit reint heksebrygg der drikkeviser og slåttestev møter musikalske krumspring og rein danseglede i eit virtuost samspel.
Bjarte Eike, fiolin / kunstnerisk leder Barokksolistene
Per Buhre, bratsj / vokal
Milos Valent, fiolin / vokal
Fredrik Bock, barokkgitar / charango
Johannes Lundberg, kontrabass
Hans Knut Sveen, harmonium / keyboards
Helge Norbakken, perkusjon
Steven Player, dans / barokkgitar
Silje Onstad Hålien, dans / kunstnerisk leder Mamelukk
Silje Risdal Liahagen, dans
Anita Vika Langødegård, dans
Brigitte Blomlie, dans
Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag i sal på TicketCo.
Foto: Knut Utler