
Stikk innom: Strengjarhaugen Spelemannslag
Denne konserten er gratis! Kom tidleg for å sikre deg plass!
Strengjarhaugen Spelemannslag samlar studentane ved Ole Bull Akademiet i drivande samspel, med smittande speleglede! Som det høver for eit spelemannslag er felene i fleirtal, men du får òg høyre fleire andre strenge- og belginstrument, og ikkje å gløyme – dyktige vokalistar! Det ser lyst ut for framtida til dei musikktradisjonane som Strengjarhaugen både tek vare på, og set sitt eige stempel på. Vel møtt til ei musikalsk lunsjstund som har vorte eit populært, fast innslag på Osafestivalen!
Konserten er eit samarbeid med vår generalsponsor Voss Sparebank
Foto: Sverre Hjørnevik
