Lastar Hendingar

Håkon Høgemo & Erlend Viken

HØGEMO_VIKEN web
lau 24. okt 2026
15:45

Billettar

Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett. Avgrensa tal plassbillettar for deg med festivalpass.

Ta plass for to av Noreg sine ypperste spelemenn, frå kvar sin kant av landet. Årdølen Håkon Høgemo og oppdalingen Erlend Viken har saman spelt inn hardingfeleslåttar fra Årdal, slåttar som er kjende for å ha eit særs sterkt lyrisk drag, og der sluttkadensen ofte kjem noko brått og uventa. Høgemo og Viken held seg til eit tradisjonelt samspel, men dreg gjerne harmonikk og rytmikk i utradisjonelle retningar.

Håkon Høgemo – hardingfele
Erlend Viken – oktavfele, hardingfele

Foto: Eirik Havnes