Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

UngOsa & MiniOsa

25. oktober 2019 kl 17:30 - 27. oktober 2019 kl 14:00

I samarbeid med Hardingfela.no inviterer Osafestivalen til helgesamling for unge hardingfelespelarar, toradarspelarar, songarar og dansarar frå 7* år og oppover! I tillegg til å få spela, synga og dansa med instruktørar av ypparste klasse, får deltakarane vera med på konsert og dans under festivalen – og skal sjølve ha avslutningskonsert på sundagen, som ein del av festivalprogrammet.

MiniOsa: Nytt av året er at det også vert gratis prøveøkt for born frå 4 år og oppover (OBS påmelding).
*NB: Dersom du er under 10 år og skal overnatta på Voss Vandrarheim lyt du ta med deg ein vaksen. (Det er andre prisar for ikkje-deltakar. Overnattinga for den vaksne/ familie, tingast gjennom oss. Ta kontakt slik at vi finn det alternativet som passar best for dykk).

MiniOsa kan du framleis melde deg på!
Dette vert kjempemoro – så meld deg på!

Årets lærarar:
Hallgrim Skjerdal (hardingfele)
Arngunn Timenes Bell (hardingfele)
Johanne Flottorp (hardingfele)
Kristin Himle (toradar)
Håvard Ims (toradar)
Karen Fadnes Brattebø (song)
Elin Pehrson Grytting (song)
Vilde Vesteng (dans)
Tuva Færden (dans)

Påmeldingsskjema UngOsa 2019

Påmeldingsskjema MiniOsa 2019

Meir info:
www.facebook.com/UngOsa
Spørsmål: magni@olebull.no

Alle foto og video: Ingerid Jordal

 

https://www.facebook.com/UngOsa/videos/282602779272880/

 

Detaljar:

Start:
25. oktober 2019 kl 17:30
Slutt:
27. oktober 2019 kl 14:00

Lokale

Voss ungdomsskule
Olavsvegen
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart