Klubbkveld | Valkyrien Allstars | Huskort
På fredagskvelden i Gamlekinoen får me møte tre ulike band som på ulike måtar rører seg i skjæringspunktet mellom folkemusikk og rock. Her får gamle tradisjonar ein ny vri og masse energi!
Dei som hugsar den forrykande konserten til VALKYRIEN ALLSTARS på Osafestivalen 2013 har noko å gle seg til – dei kjem no attende! Sidan debutplata i 2007 har det hardtslåande folkemusikkbandet vore ein svært viktig og populær fornyar av dei rike folkemusikktradisjonane i Noreg. Det særeigne lydbiletet til gruppa har utgangspunkt i hardingfeleklangen, med energisk framføring, store vokalprestasjonar og kreativ arrangering som viktige ingrediensar.
Merk: Det vil bli solgt huskort til Gamlekinoen fredag kveld. Det er ikkje mogleg å kjøpe enkeltbillett til kvar einskild konsert denne kvelden. Skrekk og Guro opnar kvelden i foajéen kl.20 og Valkyrien og Hoven Droven held fram i storsalen. Dørene opnar kl.18.30. Sal av mat og god drykk!