
ULD
Opplev nydelege ULD på Osafestivalen! ULD er Une Lorentze Onarheim, Lucia Andreadatter Utnem og Dagny Braanen Lindgren. Med tre stemmer, piano og trekkspel forener trioen vise, folk, alternativ pop og nordiske klangtradisjoner i eit nært og presist lydbilete. På kort tid har trioen etablert seg som ein av dei mest særeigne og kritikarroste nye stemmene i norsk musikkliv.
Debutalbumet fra en annen virkelighet frå 2024, resulterte året etter i tre nominasjonar til Spellemannprisen 2025. Same år mottok trioen både Edvardprisen og Prøysenprisen. Låtene «Vondt å vende» og «Jeg skal finne deg» lå samtidig fleire verker på topp 50 i Noreg. Vinteren 2025 selde ULD med storband ut to konsertar i Oslo Konserthus. Den første Danmark-turnéen til gruppa same år vart utseld. Til Osafestivalen kjem trioen med utvida besetning med bass og trommer.
Une Lorentze Onarheim – vokal
Lucia Andreadatter Utnem – piano
Dagny Braanen Lindgren – trekkspel
Petter Blom – trommer
Uma Morelia Reksten- kontrabass
Foto: Armand Nasiri
