Lastar Hendingar

Geir Sundstøl & Erland Dahlen: Slåttonn!

Geir Sundstøl & Erland Dahlen 1,1(2)
lau 24. okt 2026
20:00

Voss idrettshall

Billettar

Festivalpass eller huskort laurdag Voss idrettshall (ikkje enkeltbillett)

Osafestivalen er stolt over å presentere tingingskonserten Slåttonn! med Geir Sundstøl og Erland Dahlen. Konserten består av halvparten slått og halvparten onn. Slåttane kjem frå musikarane sine heimtrakter.

Geir Sundstøl og Erland Dahlen er to av landets mest profilerte musikarar. Dei har saman og kvar for seg turnert i meir enn 30 land og medverka på over 700 norske og internasjonale plateutgjevingar. I løpet av dei siste ti åra har begge gjeve ut seks plater kvar. No har herrane Dahlen og Sundstøl våga seg ut på nye marker. Akkurat som ljåen under slåttonna kuttar, gjev fôr og rom for ny vekst, gjev denne konserten grobotn for noko nytt og uhøyrt!

Geir Sundstøl: pedalsteel / nasjonalgitar / basspedalar
Erland Dahlen: trommer / perkusjon / blossom bells / sag / elektronikk
Johnny Skalleberg: gromlyd

Her er nokre avartistane Dahlen og Sundstøl har samarbeida med: Nils Petter Molvær, Madrugada, Odd Nordstoga, Anja Garbarek, Ane Brun, Arve Henriksen, Knut Reiersrud, Hanne Hukkelberg, Anne Grete Preus, Susanna Wallumrød, Stein Torleif Bjella, Sivert Høyem, Marit Larsen, John Paul Jones, a-ha, Anneli Drecker, Morten Harket, Morten Abel, Jimmie Dale Gilmore, Ida Jenshus, Kaada/Mike Patton, Joe Harvey-Whyte, Mudhoney, Bjørn Eidsvåg, Xploding Plastix, Serena Maneesh, Eivind Aarset Sonic Codex, Aarabrot, Jon Balkes Batagraf, Ola Kvernberg trio, Mathias Eick, Mirror Lakes, Stian Westerhus and Pale Horses, Ingrid Olava, Onkel Tuka, Pål Flaata, Jan Bang/Erik Honoré og Pantha du Prince, Highasakite og the Bell Laboratory.

Foto: Agnete Brun