Lastar Hendingar

Synnøve Plassen feat. Norbakken/Røine

Synnøve Plassen web
fre 25. okt 2024
16:30

Billettar

Festivalpass eller enkeltbillett. Eit avgrensa tal plassbillettar ligg ute for sal til denne konserten (gjeld for deg med festivalpass).

Synnøve Brøndbo Plassen har på kort tid vorte ein av dei mest etterspurde unge folkemusikarane i landet. No har ho slått lag med perkusjons-trollmannen Helge Norbakken og strengeleikaren Anders Røine. Trioen har sett saman kjende og ukjende slåttar, vridd og vend på dei, og akkompagnert av så vel gitar som munnharpe og langeleik, byr dei på musikk du ikkje vil gå glipp av.

Synnøve Brøndbo Plassen – vokal
Anders Erik Røine – gitar, munnharpe, langeleik
Helge Norbakken – trommer, perkusjon

Billett: For denne konserten gjeld festivalpass eller enkeltbillett. I sal på TicketCo Eit avgrensa tal plassbillettar ligg ute for sal til denne konserten (gjeld for deg med festivalpass)

«Dextraførespel» kl.16.15 med unge utøvarar & Erlend Apneseth. Plassen/Nordbakken/Røine går på 16.30. Det er ikkje pause mellom førespelet og konserten, så me ber om at folk er på plass i lokalet når førespelet startar 16.15