Lastar Hendingar

Sinikka Langeland møter Erlend Apneseth

Erlend & Sinikka Web
lau 26. okt 2024
14:00

Billettar

Enkeltbillett, dagspass laurdag eller festivalpass. Avgrensa tal plassbillettar i sal for deg med pass om du vil sikre deg plass.

Vi byr på eit møte mellom to einarar på sine respektive instrument og sjangrar. Sinikka Langeland frå Grue Finnskog har opna ei heilt ny musikalsk verd for oss med det finske nasjonalinstrumentet kantele, eldgamal runesong og kveding inspirert av den tradisjonelle folkemusikken, jazz og klassisk musikk. Sinikka har også skrive ei svært forvitneleg bok – Karhun Emuu – der ho gjennom parallelle versjonar på finsk og norsk viser døme på gamle runesongar frå Finnskogen.

Korleis vert det så når Langeland møter ein av våre aller fremst hardingfelespelarar, Jølstringen Erlend Apneseth?

Apneseth fekk Spellemannsprisen i Open klasse alt som 28-åring i 2019, og er det noko som særmerkjer spelet til Erlend, er nettopp ordet «open» det rette. Klangar, teknikkar og samspel på tvers av sjangergrensene er hans «greie» framfor noko.

Billettar: festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett. Det vert lagt ut eit avgrensa tal plassbillettar til denne konserten (gjeld for deg med festivalpass eller dagspass laurdag).

Konsertlenge: 50 minutt