Rydvall/Mjelva
Svenske Erik Rydvall og Olav Mjelva frå Røros er begge blant dei fremste folkemusikarane i sin generasjon. Kombinasjonen nøkkelharpe og hardingfele (25 strenger i alt!) har i liten grad vore utforska tidlegare – her har denne duoen funne eit særmerkt og rikt klanglandskap som dei nysgjerrig rører seg i, med stor eleganse og nerve. Debutalbumet «Isbrytaren» kom ut i 2013 til svært gode kritikkar, Folkelarmpris og Spellemann-nominasjon, og same år vart Olav Mjelva kåra til årets folkemusikar av Folkelarm.
Erik Rydvall – nøkkelharpe
Olav L. Mjelva – hardingfele
MERK: Du kan kjøpe kombibillett til Rydvall/Mjelva & Dansekveld på Akademiet kr. 350,-