
Real ones akustisk
Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett. Avgrensa tal plassbillettar for deg med festivalpass.
Real Ones starta som eit reint folkemusikkband, men i dag held dei seg i krysningspunktet mellom folk, pop og rock med klare referanser til verdsmusikk og elektronika. På Osafestivalen får du oppleva ein skreddarsydd akustisk konsert der folkemusikk-elementa i musikken vert framheva. Du kan venta deg fleirstemt vokal over rytmisk strengeleik og fengande særeigne tonar. Gjer deg klar for Real Ones i eit nedstrippa format, slik du aldri har høyrd dei tidligare.
David Chelsom Vogt – fiolin, vokal, keyboards
Ivar Chelsom Vogt – gitar, vokal, dulcimer
Jørgen Sandvik – gitar, vokal, charango
Øystein Skjælaaen – bass, koring
Kåre Opheim – trommer, perkusjon, koring
Foto: Jason Hiller
