Lastar Hendingar

Berit Opheim: VOSSASONGAR

Berit Opheim web 2
lau 24. okt 2026
12:45

Billettar

Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett. Avgrensa tal plassbillettar for deg med festivalpass.

Velkomen til lanseringskonsert for Berit Opheim sitt dokumentasjonsprosjekt: «Vossasongar – vokal folkemusikk frå Vossabygdene». Opheim har samla heile 575 folketonar frå Voss. I NAIN festivallaurdagen får du høyra eit utval av desse frå ulike kantar av bygda. Opplev eit ensemble på 25 folkesongarar solo og i samsong, samt avspeling av eldre arkivopptak og forteljing om prosjektet.

«Vossasongar – vokal folkemusikk frå Vossabygdene» er bok- og cdutgjeving/digitalt med 575 folketonar frå vossabygdene. 45 eldre songkjelder er presenterte med biografiar og bilete, og alle songtekstane er trykte. I tillegg er det artiklar om tradisjonssongen på Voss, og om folkemusikksamlaren Olav Sande, som samla inn over 200 folketonar her i bygdene.


Med

Berit Opheim – vokal
Ellen Marie Selland Geithung – vokal
Angun Sønnesyn Olsen – vokal
Kari Finne Sognnæs – vokal
Tone Juve – vokal
Vokalensemble

Foto: Per Finne