Lastar Hendingar

Emily Davis med Bergen Unge Kammerorkester

Foto: Erik Kjøde Ødegård
lau 26. okt 2019
15:00

Berre 28 år gammal har fiolinist Emily Davis allereie ei lang og svært imponerande karriere å sjå tilbake på. Lista over orkester ho har spelt med, som solist eller konsertmeister, er lang som eit uvêr: Oslo Filharmonien, Singapore Symphony Orchestra, The Royal Scottish National Orchestra, Birmingham Symphony Orchestra, Bergen Filharmoniske Orkester og mange fleire, i tillegg til alle dei ulike kammerorkestra ho har spelt med.

Saman med det framifrå Bergen Unge Kammerorkester (BUKO)  under leiing av Tone M. Birkeland skal stjernesolisten framføre ulike mindre stykke, og Astor Piazolla (1921-1992) sin «Årstider» som hovudverk. Den argentiske komponisten er kjend for sin friske blanding av tango, jazz og klassisk musikk.