
Osaklubb: DJ SISSYFUS // Astrid Garmo // Daniel Sandén-Warg

Årets garantert beste dansekveld for folkemusikkfrelste, dj-entusiastar og reinspikka festløver! Me lovar heitt dansegolv til seint på natt…og me har sjølvsagt handplukka nokre av dei beste frå øvste hylle for å sikre at dette blir kvelden DU skal henge på dansegolvet!
DJ Sissyfus har gjort det til til eit yrke å spela folkemusikk på klubbane i Oslo, der han er fast inventar i folkemusikknattklubben Tuvas Blodklubb. Også kjend som Center of the Universe eller Jørgen Skjulstad.
Astrid Garmo (Pumpegris, Dålågjel, Ester og Astrid, LIN) frå Garmo i Gudbrandsdalen kjem med rått slåttespel solid forankra i tradisjonane frå Hallingdal, Telemark og Valdres
Daniel Sandén-Warg er ein av våre mest markante utøvarar på hardingfele og munnharpe. Til Voss idrettshall kjem Sandén-Warg med feite munnharpeslåttar du ikkje vil skal slutte…
Jørgen Skjulstad – DJ
Astrid Garmo – solo fele
Daniel Sandén-Warg – solo munnharpe