Lastar Hendingar

Opning av festivalutstillinga

Festivalkunstnar 1
tor 24. okt 2024
16:30

Billettar

Denne programposten er gratis

Thomas Iversen (f.1985) er biletkunstnar og kunsthandverkar og har master i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo i 2019. Iversen jobbar med materiale som på ulike måtar har tilknyting tilstad og som fortel historier som kastar lys over ulike aspekt ved det samfunnet vi lever i. Dei siste åra har pigment med stadsspesifikk tilknyting og bergverkshistorie med materiell tilknyting til keramikk stått sentralt i dei materielle forteljingane hans. På denne måten utforskar han det urbane landskapet og naturen for å danne eit bilete av korleis verda er i konstant rørsle. Til Osafestivalen kjem han med utstillinga «Byens flass».

I «Byens flass» utforskar eg det urbane landskapet på jakt etter bitar som har falle av bygningar, institusjonar og infrastruktur som kjelde til pigment. Bitane eg finn, knuser eg til pigment, blandar med olje og bindemiddel til eg har stadsspesifikke trykksverter som eg bruker til å trykke sirklar i høgtrykk. Serien utgjer til no 30 slike trykk per dags dato. Trykka stiller eg ut saman med glas som inneheld pigmenta, video av innsamlinga av materiale, bilete og eksemplar frå bygningsmassen før denne blei bearbeidd til pigment.

Prosjektet var ein del av MOMENTUM 12 i 2023. Iversen har i ettertid henta inn fleire materiale, samt utvida kunnskap og produksjon av nye pigment og sverter.

Musikalske opningstoner og forkriskingar

Vel møtt!

Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag