Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Hulbækmo & Jacobsen familieorkester

26. oktober kl 9:30

Groovy gammaldans og tidlaus mystikk

Her snakkar me om eit ekte familieorkester som pangstartar festivallaurdagen i Gamlekinoen! Familien, som i mars gav ut sitt nye album Rundsnurrknurr, rår over eit vidt spekter av instrument, frå munnharpe og sag til oud, kantele, trekkspel, altsaks, fløyte, sekkepipe – og vokal. På sine tallause ferder jorda rundt, har familien samla inntrykk og inspirasjonar frå alle slags musikkulturar og uttrykk. Resultatet er familien sin heilt særeigne musikk, som dei meir enn gjerne deler med publikum. Hulbækmo Jacobsen familieorkester spelar dansevenleg og danseglad musikk, men midt oppi dansen serverer orkesteret dei varaste og vakraste melodiar.

Billett: Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett. Det ligg ute eit avgrensa tal plassbillettar for sal til denne konserten (gjeld for deg med festivalpass eller dagspass)

Tone Hulbækmo – harpe, lyre og trøorgel

Hans Hulbækmo – slagverk, munnharpe, sag, hardingfele, vokal.

Alf Hulbækmo – piano, altsax, munnspill, trekkspill, vokal

Hans Fredrik Jacobsen – fløyter, sopransax, torader, oud, kantele, sekkepipe, vokal

Detaljar

Dato
26. oktober
Tid:
9:30

Stad

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart