Lastar Hendingar

Nils Økland & Sigbjørn Apeland

Økland Apeland web
sun 27. okt 2024
10:30

Billettar

Enkeltbillett, dagspass sundag eller festivalpass. Eit avgrensa tal plassbillettar i sal på TicketCo om du vil sikre deg plass (gjeld deg med pass)

Det er utruleg hyggeleg å kunne ønskje festivalleiaren frå 1994, Nils Økland, velkomen til festivalen sitt 30-årsjubileum! Kvar for seg er Nils Økland og Sigbjørn Apeland to eineståande musikarar. Saman er dei rein dymanitt! Det har dei demonstrert gong på gong gjennom sitt 30 år lange samarbeid. I sommar gav dei ut albumet Glimmer, der dei igjen utforskar dei moglege – og umoglege – koplingane mellom vestnorsk folkemusikk og improvisert samtidsmusikk. Apeland tok utgangspunkt i tradisjonsberarar frå Haugalandet, og denne tradisjonen blandar han og Økland med originale komposisjonar – alt frå musikken til filmen om kunstmålaren Lars Hertervig til musikk inspirert av komponisten Fartein Valen. Samspelet mellom Økland si fele og Apeland sitt trøorgel skapar eit musikalsk univers du har lyst til å verta verande i – lenge.

Billettar: festivalpas, dagspass sundag eller enkeltbillett. Eit avgrensa tal plassbillettar ligg ute på TicketCo til denne konserten (gjeld for deg med festivalpass eller dagspass)