Barokksolistene: SAVN – Toner fra 1600-tallets England og Skandinavia
Eit møte med den glitrande fiolinisten Bjarte Eike og hans handplukka mannskap i Barokksolistene er ei totaloppleving; konsert, dans, song og teater – alt servert med store dosar humor og glede. Savn – Toner fra 1600-tallets England og Skandinavia er Eike sin personlege musikalske refleksjon, ei ferd som tek deg med gjennom ulike kjensler, mellom andre tristesse, motløyse og sakn. Og Eike tek publikum med på ei reise frå 1600-talets Storbritannia til norske folkemelodiar. Og med oss på denne bittersøte stemningsvandringa er den etterspurde norske sopranen Berit Norbakken.
Berit Norbakken, sopran
Bjarte Eike, fiolin / kunstnerisk leder
Milos Valent, fiolin
Per Buhre, bratsj
Mime Yamahiro Brinkmann, cello
Siri Hilmen, cello
Fredrik Bock, barokkgitar / lutt
Hans Knut Sveen, cembalo
Billettar: Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett.