
Musikalsk stikk innom badstove & boblebad + visning av sbswimwear sin Osakolleksjon

Velkomen til musikalsk stikk innom badstove og boblebad på finaste Elva hotel!
Elva hotel har tre store utandørs boblebad og vedfyrt badstove. Perfekt opplading til ein strålande ettermiddag og kveld på Osafestivalen! Nydeleg vokalinnslag ved Jori Gjelland kl 11.30. Jori starta kvedarkarriera si i småkvedarande på Voss, og har seinare tatt steget ut av heimbygda til Rauland, der ho studerar folkemusikk. No tek ho med seg eit knippe vossa- og telemarksviser inn i badstova på Elva hotell. Gled dykk – dette blir heitt!
Visning og høve til å kjøpe badetøy frå sbswimwear sin rykande ferske Osakolleksjon av bærekraftig badetøy i 100% strikka ullavfall, donert av Norlender knitwear
Inngang:
kr. 250,- betalast i resepsjonen ved ankomst
Ingen påmelding
Festivalpass/dagspass gjeld ikkje for dette arrangementet.
Ope i to timar 11-13
Finn vegen til Elva hotel
Elva ligg om lag 6 minutt med bil frå Voss sentrum