Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Martin Hayes

26. oktober kl 20:00

Martin Hayes frå County Clare på den irske vestkysten, reiknast som eit av dei mest ekstraordinære talenta i verda innanfor tradisjonell irsk musikk. Hayes tolkar tradisjonen på ein måte som plasserer musikken i ein vidare samtidssamanheng, samstundes som han tek vare på alle kvalitetane i det gamle spelet.

Kunnskapen og dugleiken til Martin Hayes har ikkje berre sendt han til konsertscener jorda rundt. Han har også fått samarbeida med ei rekkje av klodens fremste musikarar innanfor det meste av musikalske sjangrar, frå Bill Frisell til Ricki Skaggs, Phoebe Bridgers, Paul Simon og Sting. Til Osafestivalen kjem denne eineståande musikaren med trio.

Med:
Martin Hayes
Jimmy Higgins
Brian Donnellan

Billett: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag

Detaljar

Dato
26. oktober
Tid:
20:00

Stad

Voss idrettshall