
MALMIN MED ÅSHILD VETRHUS

Eit intimt møte med gløymde skattar. Rogaland hadde ingen Myllargut eller Ole Bull. Utan kjende konsertfelespelarar blei ikkje slåttane frå området moderniserte og utvida for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rocka enn rocken sjølv. Her får du servert musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy.
Bli med på dansekurs i Suldalsspringar med Vegar Vårdal før konserten!
Du sikrer deg plass ved å laste ned gratisbillett på TicketCo
Olav Christer Rossebø – fele, hardingfele og mikrotonal mandolin
Anders S. Hana – mikrotonal gitar, munnharpe, langeleik og oktavfele
Åshild Vetrhus – song
Gjest Vegar Vårdal – dans, fele
Varigheit: 50 min
Foto: Gisle Bjørneby