Lastar Hendingar

Lislevand & Duncumb: Marais og Forqueray – engelen og djevelen

Lislevand & Duncumb web
lau 25. okt 2025
9:30

Billettar

Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett

Gambe og lutt til frukost? Gamben, lutten og barokkgitaren var blant dei mest populære instrumenta for øvde amatørar og profesjonelle på 16- og 1700-talet. Det finst eit enormt og variert repertoar der dei store komponis- tane Marin Marais (1656-1728) og Antoine Forqueray (1672-1745) var dei mest populære. Medan Marais fekk tilnamnet «Engelen» for sitt behagelege og elegante vesen, blei Forqueray kalla «Djevelen». Om lag 600 stykke er bevarte av desse to komponistane. Jadran Duncumb og André Lislevand har gjort eit utval av dei mest fascinerande stykka i repertoaret. Dei byr på alt frå vakker melankoli, oppfinnsam eleganse til diabolsk virtuoseri.

André Lislevand – gambe
Jadran Duncumb – lutt

Andre Lislevand blei født i 1993 som son av den verdsberømte norske luttenisten Rolf Lislevand. Musikk spela tidleg ei viktig rolle, og som 11-åring byrja han å studere gambe hos Alberto Rasi. Hans profesjonelle karriere byrja då han var 16 år parallelt med vidare studier hos Paolo Pandolfo ved Schola Cantorum Basiliensis i Basel. Etter å ha blitt uteksaminert i Basel følgte vidare studier hos Vittorio Ghielmi og privat med Jordi Savall. I dag er han blant dei mest profilerte gambistar i sin generasjon og spelar med ei rad ensembler i tillegg til å ha ein aktiv solokarriere.

Jadran Duncumb studerte gitar ved Royal College of Music i London der han også fekk høve til å lære seg teorbe og lutt, og sidan har han ikkje sett seg attende og diplomerte med cum laude frå den Statlege Musikkhøgskulen i  Trossingen, Tyskland, med ein master i lutt og basso continuo  under Rolf Lislevand. I tillegg til jamnlege konsertar med  Barokkanerne, framfører han hovudsakleg solo og kammermusikk på lutt og historiske gitarar. Hans karakteristiske bassocontinuo-realisasjoner har vore rost av mellom andre Diapason for fyldigheita, sensitiviteten og virtuositeten dei viser.  Prosjekt i nær framtid inkluderer konsertar og innspelingar med sopranen Giulia Semenzato og luttkonsertar med Barokkanerne. Jadran forsker på luttrepertoaret fra 16- og 1700-tallet og er i dag ein av Noregs fremste tidlegmusikarar.

Foto Lislevand: Danny Rambaldo
Foto Duncumb: Jørn Pedersen

Konserten varer i 50 minutt
Sal av frukost i samband med konserten.