Knut Reiersrud «Tramp»
Etter to segnomsuste og profilerte konsertar på Voss i 1994 – fyrst på Vossa Jazz, så på Osafestivalen – fekk albumet og prosjektet Tramp vind i segla. Knut Reiersrud og bandet turnerte i inn- og utland i fleire år. Og livet var så godt at albumet Klapp kom alt året etter Tramp.
– Platebransjen var annleis i 1994. Den gongen var platesalet stort nok til at me kunne invitera musikarar frå Vest-Afrika for å reisa på lange turnear, mimrar Knut. Tramp anno 2024 er ei heilt anna oppleving. To av musikarane – Paolo Vinaccia og Alagi M’Bye – lever ikkje lenger, og til Osafestivalen kjem Reiersrud som det einmannsbandet han ofte er. – Konserten i haust har vekt på det norske folkemusikalske, som eg improviserer over, og med mine eigne soloting, pluss litt frå det eg gjorde med Blind Boys of Alabama.
Billett: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag